KLIKK FOR MOBILMENY

Kiev

Ukraina er det mest korrupte landet i Europa. I kjerna av Kiev og andre storbyar vil ein finne infrastruktur i varierande standard. Få kilometer utanfor kjerna har derimot det meste forfalle i tidas tann.

Biletet nedanfor er teke i retning bydelen Dniprovskyi. Den lange rette vegen er del av Europaveg 95 til Sankt Petersburg i Russland.

Moderlandsmonumentet

Monumentet var reist i 1981 for å heidra dei falne i andre verdskrig. Monumentet veg 560 tonn og er 102 meter høgt. Sverdet er 16 meter langt. I skjoldet er det statsemblem frå Sovjetunionen.

I 2015 underteikna den ukrainske presidenten ei lov som forbyr symbol frå Sovjetunionen. Om monumentet vert ståande, eller om det vert fjerna er for tida uvisst. Sjå Google kart for lokalisering.

Ved inngangen til monumentet er det sett fram stridsvognsperringar, eller tsjekkiske piggsvin, som dei også kallast. Der står også ein del stridsvogner. Desse står som fast del av installasjonen, og har ikkje noko med situasjonen i aust å gjere.

Frå installasjonen rundt monumentet. Her står «Их подвиг будет жить вечно, их имена бессмертны» som oversetjer til «Dykkar prestasjon vil leve evig, dykkar namn er udødelig».

Militære har blitt ein del av gatebiletet i Kiev.

Majdan Nezalezjnosti

Majdan er ein flott plass med historie attende til 1800-talet. Då biletet vart teke, 3. november 2016, var det demonstrasjon mot banken Mikhailovsky, etter at kundane mista pengane sine. Sjå Google kart.

I høve Mikhailovsky-demonstrasjonen kom det mange militære. I tillegg kom opprørspoliti som stod på andre sida av gata.

Kontraktova-plassen

Trikkestoppen. Sjå Google kart.

Hydropark

Hydropark er ein rekreasjonspark som ligg ved Dnieper i Kiev. Den er hovudsakleg for aktivitetar i vatn, og har lange strender.

Ved sidan ligg Trukhanivøya. Under andre verdskrigen øydela tyske styrkar alle busetnadane på øya for å få betre kontroll og klårare utsikt over Kiev.

Etter krigen vart ikkje øya bygd opp att som eit bustadområde, men som eit fritidsområde. Her ligg også «Kachalka Muscle Beach», som er ein utandørs gym frå sovjettida. Sjå Google kart for stad.

Benkpress på rekkje og rad.

Benk for «Preacher Curl», eller trening av biceps, på sovjetmåten.

Utstyr for knebøy. På vekta står det 160 kilo.

Metroen frå stasjonen i Hydropark.

Stasjonen «Arsenalna» er den djupaste i verda og ligg 105,5 meter under jorda. Ein må ned to lange rulletrapper for å komme i botnen her.

Fjellbanen

Frå Poshtova Ploshcha kan ein ta fjellbana opp til Volodymyrska hirka, ein park med særs god utsikt over Kiev. Sjå Google kart.

Tsjernobylmuseum

For oss vestlege er Tsjernobyl interessant å sjå. I Kiev har dei museum med ein del minner frå den tragiske ulukka. Her må du betale for å komme inn. Då eg tok fram kameraet kom ei dame springande og skulle ha pengar for fotografering også. Sjå Google kart.

Krybbe og tre, og mykje bilete av familiar som budde i området.

I den andre hallen var det plater frå ein atomreaktor i golvet. Mykje utstyr og skilt, og beskyttelsesdrakter var å sjå.

Mykje bilete av folk som arbeidde og budde i Pripyat.

Ved utgangen i museet heng skilt frå landsbyar i området. Alle er dekt over med strek.

Dyreparken

Dyreparken i Kiev er ein tragedie i seg sjølv. Her hadde som alt anna forfalle i tida. I bygget nedanfor stod ein elefant lenka fast. Sjå Google kart.

Ved hovudinngangen til museet stod mange bøtter, då taket var lekk som ein sil. Der det ikkje var sett fram bøtter var golvet vått av regn.

Det var aper av ulike slag. Nokre sat og tygde på plankebitar dei hadde fått laus.

Ein av hovudattraksjonane, ein gorilla, lå med ryggen til mesteparten av tida.

Reptilane var kanskje dei som hadde beste høve.

Kamelar ute. Dei så ut til å mangle det meste.

Ein av kamelane ser ut til å trenge stell.

Grotteklosteret (Petsjerskaja Lavra)

Klosteret er ein av dei store attraksjonane i Kiev. Her er alt stort og flott. Sjå Google kart.

Sankt Mikael klosteret

Ein annan av dei store attraksjonane er Sankt Mikael klosteret. Her brukar den ukrainske presidenten halde tale på nyåret. Det er for publikum sjølvsagt mogleg å gå inn. Sjå Google kart.

Andriyivsky-nedstigningen

Andriyivsky er den historiske delen av Kiev, og den historiske gata. Det er også det betre «strøket», der Sankt Andreas kyrkja frå 1744 ligg. Sjølve gata er 720 meter lang, og her ligg også museet til Rikard Løvehjarta, som er skildra i forteljingane om Robin Hood. Sjå Google kart.