Cirkus Agora, april 2018

Cirkus Agora på grusbana i Flåm

I byrjinga av april fekk sogningane besøk av Jan Kjetil Smørdal og Cirkus Agora. Først på turnelista var aurlendingane, med sirkus på grusbana i Flåm. Deretter gjekk turen innom alle kommunane i Indre Sogn.

Susann Smørdal seier at alt vår nytt i år. Ho kunne nemne mellom anna prisbelønna klovnar frå Spania som spelar levande musikk. Rivelinos-klovnane har opptredd på mange festivalar og sirkus rundt om Europa.

Ein av publikumsfavorittane er Sandra Quaiser frå Tyskland. Quaiser vert omtalt som luftens tyske prinsesse. Den spesielle lysekruna er det broren hennar som har laga, seier Smørdal.

Quaiser har dreve med luftakrobatikk i seks år og har turnert i både innland og utland. I Noreg reiser ho rundt med eigen familie.

Sirkuset skal halda på til september før turneen går turen austover

Susann Smørdal, som er niesa til direktøren, seier det er kjekt å vera på heimebane, og for Jan Kjetil som får visa folk i Sogn og Fjordane kva dei har å by på. Dei melder også om eit strålande publikum.

Alle foto Kaupanger, 13. april 2018.