Hytta på Bandet, august 2015

Hytta på bandet ved foten av Storen

Skagastølsbu (1758 moh.), også kalla Hytta på Bandet, er ei hytte som ligg ved foten av Storen, mellom Skagastølsbreen og Midtmaradalsbreen, i fjellområdet Hurrungane. Alle bileta er tekne 19. august 2015. Turen tek om lag 2,5 timar opp frå Turtagrø. Ein følgjer stien til botnen av Skagadalen mot Tindeklubbhytta. Vidare går turen forbi Skagastølsvatnet og til slutt kryssing av Skagastølsbreen.

Oppdatert: Magasinet Klatring skreiv 9. mars 2016 ein flott artikkel om Hytta på Bandet.

 

Sjå videoklipp frå Bandet