Kyiv

Kyiv

Kyiv er hovudstaden og den største byen i Ukraina. Byen ligg nord i landet på begge sider av elva Dnepr, og har om lag 3 millionar innbyggjarar.

Biletet nedanfor er teke i retning bydelen Dniprovskyi. Den lange rette vegen er del av Europaveg 95 til Sankt Petersburg i Russland.

Dniprovskyi og Europaveg 95

Moderlandsmonumentet

Monumentet var reist i 1981 for å heidra dei falne i andre verdskrig. Monumentet veg 560 tonn og er 102 meter høgt. Sverdet er 16 meter langt. I skjoldet er det statsemblem frå Sovjetunionen.

I 2015 underteikna den ukrainske presidenten ei lov som forbyr symbol frå Sovjetunionen. Om monumentet vert ståande, eller om det vert fjerna er for tida uvisst. Sjå Google kart for lokalisering.

Ved inngangen til monumentet er det sett fram stridsvognsperringar, eller tsjekkiske piggsvin, som dei også kallast. Der står også ein del stridsvogner. Desse står som fast del av installasjonen, og har ikkje noko med situasjonen i aust å gjere.

Stridsvognsperringar ved Moderlandsmonumentet

Frå installasjonen rundt monumentet. Her står «Их подвиг будет жить вечно, их имена бессмертны» som oversetjer til «Dykkar prestasjon vil leve evig, dykkar namn er udødelig».

Undergang ved Moderlandsmonumentet

Militære har blitt ein del av gatebiletet i Kyiv. Det var vanleg å møte uniformerte soldatar i gatene. Dei på biletet nedanfor var mest opptekne av å sjå Kyiv frå ein av utsiktspunkta. Kanskje var dei på veg heim.

Militære i Kyiv

Majdan Nezalezjnosti

Majdan er ein flott plass med historie attende til 1800-talet. Då biletet vart teke, 3. november 2016, var det demonstrasjon mot banken Mikhailovsky, etter at kundane mista pengane sine. Sjå Google kart.

Demonstrasjon mot Mikhailovsky-banken i Majdan Nezalezjnosti

I høve Mikhailovsky-demonstrasjonen kom det mange militære. I tillegg kom opprørspoliti som stod på andre sida av gata, begge ubevæpna. Verken militæret eller politiet gjorde noko med demonstrantane.

Demonstrasjon mot Mikhailovsky-banken i Majdan Nezalezjnosti

Kontraktova-plassen

Trikkestoppen. Sjå Google kart.

Kontraktova-plassen

Hydropark

Hydropark er ein rekreasjonspark som ligg ved Dnieper i Kyiv. Den er hovudsakleg for aktivitetar i vatn, og har lange strender.

Ved sidan ligg Trukhanivøya. Under andre verdskrigen øydela tyske styrkar alle busetnadane på øya for å få betre kontroll og klårare utsikt over Kyiv.

Etter krigen vart ikkje øya bygd opp att som eit bustadområde, men som eit fritidsområde. Her ligg også «Kachalka Muscle Beach», som er ein utandørs gym frå sovjettida. Sjå Google kart for stad.

Vegen til «Kachalka Muscle Beach» i Hydropark

Benkpress på rekkje og rad.

«Kachalka Muscle Beach» i Hydropark

Benk for «Preacher Curl», eller trening av biceps, på sovjetmåten.

«Kachalka Muscle Beach» i Hydropark

Utstyr for knebøy. På vekta står det 160 kilo.

«Kachalka Muscle Beach» i Hydropark

Metroen frå stasjonen i Hydropark.

Hydropark stasjon

Stasjonen «Arsenalna» er den djupaste i verda og ligg 105,5 meter under jorda. Ein må ned to lange rulletrapper for å komme i botnen her.

Arsenalna stasjon

Kabelbana i Kyiv

Frå Poshtova kan ein ta fjellbana opp til Volodymyrska hirka, ein park med særs god utsikt over Kyiv. Sjå Google kart.

Kabelbana i Kyiv frå Poshtova

Tsjernobylmuseum

For oss vestlege er Tsjernobyl interessant å sjå. I Kyiv har dei museum med ein del minner frå den tragiske ulukka. Her må du betale for å komme inn. Då eg tok fram kameraet kom ei dame springande og ville ha pengar for fotografering. Sjå Google kart.

Tsjernobylmuseum

Krybbe og tre, og mykje bilete av familiar som budde i området.

Tsjernobylmuseum

I den andre hallen var det plater frå ein atomreaktor i golvet. Mykje utstyr og skilt, og beskyttelsesdrakter var å sjå.

Tsjernobylmuseum

Mykje bilete av folk som arbeidde og budde i Pripyat.

Tsjernobylmuseum

Ved utgangen i museet heng skilt frå landsbyar i området. Alle er dekt over med strek.

Tildekte skilt frå Pripjat i Tsjernobylmuseet

Dyreparken

Dyreparken i Kyiv har mange eksotiske dyr. Dyreparken hadde som det meste forfalle i tida, og treng ein real oppussing. I bygget nedanfor stod ein elefant lenka fast. Sjå Google kart.

Elefantrom i Kyiv dyrepark

Ved hovudinngangen til parken stod mange bøtter, då taket var lekk som ein sil. Der det ikkje var sett fram bøtter var golvet vått av regn.

Inngangsparti i Kyiv dyrepark

Det var aper av ulike slag. Nokre sat og tygde på plankebitar dei hadde fått laus.

Aper i Kyiv dyrepark

Ein av hovudattraksjonane, ein gorilla, lå med ryggen til mesteparten av tida.

Gorilla i Kyiv dyrepark

Reptilane var kanskje dei som hadde beste høve.

Ormar i Kyiv dyrepark

Kamelar ute. Dei så ut til å mangle det meste.

Kamelar i Kyiv dyrepark

Ein av kamelane ser ut til å trenge stell.

Kamelar i Kyiv dyrepark

Grotteklosteret (Petsjerskaja Lavra)

Klosteret er ein av dei store attraksjonane i Kyiv. Her er alt stort og flott. Området på biletet nedanfor var derimot avstengt for publikum. Sjå Google kart.

Grotteklosteret (Petsjerskaja Lavra)

Sankt Mikael klosteret

Ein annan av dei store attraksjonane er Sankt Mikael klosteret. Her brukar den ukrainske presidenten halde tale på nyåret. Det er for publikum sjølvsagt mogleg å gå inn. Sjå Google kart.

Sankt Mikael klosteret

Andriyivsky-nedstigningen

Andriyivsky er den historiske delen av Kyiv, og den historiske gata. Det er også det betre «strøket», der Sankt Andreas kyrkja frå 1744 ligg. Sjølve gata er 720 meter lang, og her ligg også museet til Rikard Løvehjarta, som er skildra i forteljingane om Robin Hood. Sjå Google kart.

Andriyivsky-nedstigningen